Annonse

Politiet skal etterforske Mattilsynet i minksaka

Statsadvokaten har bestemt at ein feilaktig inspeksjonsrapport frå Mattilsynet om ein minkoppdrettar i Sandnes skal etterforskast.

Ifølgje Stavanger Aftenblad er ansvaret for saka flytta til Haugesund. Bakgrunnen for det er at ein av dei involverte inspektørane tidlegare har vore tilsett i politiet i Sør-Rogaland, skriv avisa.

I ein rapport om ein minkfarm med 9.600 dyr i Sandnes melde Mattilsynet om underernærte dyr og tilrådde fôrbyte eller avvikling av farmen. Men rapporten frå juni i fjor var full av faktafeil, vedgår tilsynet. Mattilsynet beklagar på det sterkaste det som har skjedd, og har sendt ein ny tilsynsrapport til minkbonden.

Bonden melde Mattilsynet til politiet, men meldinga vart opphavleg lagt bort. Torsdag vart avgjerda omgjort.

Same dagen melde fylkesordførarkandidat Margrete Dysjaland (Frp) inspektørane, avdelingssjefen og regiondirektøren til politiet, skriv Nationen. Regiondirektør Ole Fjetland seier til avisa at han ikkje har sett politimeldinga, og at han tar det til etterretning.

(©NPK)