Politiet skal sjå på bevis i Baneheia-saka

(NPK-NTB): Agder politidistrikt skal sjå på delar av bevisa i Baneheia-saka etter at advokaten til ein av dei to dømte i eit brev til påtalemakta hevdar at ein teleanalyse gir klienten hans alibi.

Statsadvokat Jan Tallaksen i Agder har saka til behandling og har bedt politiet om ei utsegn om bevissituasjonen som advokat Arvid Sjødin påpeiker. Sjødins klient er Viggo Kristiansen, éin av dei to som vart dømde i drapssaka.

– Det dreier seg ikkje om noko materiale, men eit brev frå advokat Arvid Sjødin med ein rapport frå ein tredjeperson som inneheld ein teleanalyse. Den skal eg vurdere, seier kriminalsjef Terje Kaddeberg Skaar i Agder politidistrikt til NTB. Han reknar med å vere ferdig med vurderinga mot slutten av august.

Analysen er laga av sivilingeniør Halvard Sivertsen. Han har utarbeidd ein ny rapport om det såkalla mobilbeviset i saka. Dagbladet skriv at Sivertsen konkluderer med at Viggo Kristiansen har alibi for tidspunktet dei to jentene vart drepne i Baneheia i Kristiansand. (©NPK)

Annonse