Politiet slaktar eige HMS-arbeid etter Monika-saka

(NPK-NTB): Delar av arbeidsmiljøet til politiet i Hordaland er prega av dårleg ytringsklima, manglande tillit og dysfunksjonell sosial samhandling, går fram det av ei intern gransking i kjølvatnet av Monika-saka.

Konklusjonane i ein grundig gjennomgang av HMS-situasjonen (helse, miljø og tryggleik) i politidistriktet, som frå nyttår gjekk inn i Vest politidistrikt, inneheld sterk kritikk ifølge Bergens Tidende.

På fleire punkt blir det retta kraftig kritikk mot problemområde som kan ha hatt vesentleg betyding for at Monika-saka ikkje vart skikkeleg etterforska, trass i kritikken frå blant andre Robin Schaefer mot sakshandteringa.

  • Dårleg ytringsklima og dysfunksjonell sosial samhandling på enkelte sentrale arenaer på grunn av manglande tillit og mangel på trygge rammer.
  • Dårleg læringskultur.
  • Arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMS) i Hordaland politidistrikt er prega av mangel på ein open kultur og mangel på forankring på toppnivå.
  • HMS-ansvaret har svak forankring på politimeisternivå og er for dårleg organisert.

– Problema er blitt veldig synlege for oss, spesielt det siste året. Då har vi sett følgjene av eit HMS-arbeid som ikkje har fungert, blant anna gjennom handteringa av varslarane knytt til Monika-saka, seier nestleiar Ørjan Hjortland i Politiets Fellesforbund i Hordaland. (©NPK)