Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Politiet i Troms meiner dei får for lite informasjon frå Utlendingsdirektoratet om asylmottak som vert etablerte. Dei fryktar det går ut over tryggleiken til asylsøkjarane.
npk@npk.no
Publisert: 05.11.2015 kl 18:10
Troms politidistrikt har bedt UDI umiddelbart etablere ordningar som gjer at politiet alltid veit kvar det er asylmottak, seier konstituert politimeister Einar Sparboe Lysnes til NRK.
– Det er ikkje tilfredsstillande. Informasjon trenger vi for å vareta tryggleiken til dei på mottaket, og vi må vere førebudd på eventuelle ordensforstyrringar, ulykker og brann, seier han.
Tidlegare har fleire kommunar klaga over at dei ikkje har fått tilstrekkeleg beskjed før det er blitt oppretta asylmottak.
– Informasjonen har vore svært mangelfull. Vi må få på plass eit system der kommunar og vi i politiet vert varsla før mottaka er etablerte, i alle fall før det er plassert folk på mottaka, seier Sparboe Lysnes. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.