Politiet tok brillebande i Oslo

(NPK-NTB): Oslo-politiet har arrestert tre rumenarar, éin mann og to kvinner, som har spesialisert seg på å byte ut eksklusive solbriller med billige kopiar i brillebutikkar.

– Det kan verke som om mannen har hefta betjeninga, mens kvinnene har stole brillene, seier politioverbetjent Stig Vasbø ved Majorstua politistasjon til TV 2.

Politiet knyter dei tre rumenarane, som vart arresterte torsdag, til to saker. Den eine på Amfi storsenter i Sarpsborg, den andre på Buskerud storsenter mellom Drammen og Kongsberg. Til no har politiet funne 30 briller til ein verdi av 80.000 kroner. Tjuvegodset er kostbare solbriller av merke som Tom Ford, Marc Jacobs, Fendi og Gucci. Prisen per solbrille varierer mellom 1.700 og 4.500 kroner.

– Det er tatt beslag i fleire briller til store verdiar, både ekte og falske, og politiet trur at dei kan ha vore i fleire butikkar den siste tida. Vi er derfor interesserte i å komme i kontakt med butikkar som kan ha hatt desse på besøk hos seg. Vi har grunn til å tru at dei kan ha operert på heile Austlandet, seier Vasbø. (©NPK)

Annonse