Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Politidirektoratet vil i neste veke avgjere om dei ønskjer forlenging av den mellombelse væpninga eller ikkje.
npk@npk.no
Publisert: 05.11.2015 kl 16:53
Dagens ordning med mellombels væpning vert halden ved lag inntil vidare, opplyser Politidirektoratet (POD).
– Politidirektoratet går no grundig gjennom trusselvurderinga frå PST, og tar sikte på å komme med ei vurdering i veke 46 av kva for konsekvensar dette får for politiet, seier beredskapsdirektør i Politidirektoratet Kaare Songstad i ei pressemelding.
Det var venta at politiet ville komme med si vurdering fredag.
Spørsmålet om væpning skal vurderast på nytt etter at Politiets tryggingsteneste (PST) i førre veke opplyste at terrortrusselen frå IS-sympatiserer i Noreg er mindre enn for eit år sidan.
Den mellombelse væpninga starta den 25. november i fjor, og hittil har Politidirektoratet bedt om forlenging sju gonger. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.