Annonse

Sjøfartsdirektoratet: - For tidleg å konkludere

Første tilsyn er gjennomført etter Viking Sky-ulykka, og Sjøfartsdirektoratet meiner det er for tidleg å konkludere med kva som var årsaka.

Statens havarikommisjon, Sjøfartsdirektoratet, politiet, motorprodusenten og dei ansvarlege for mannskapet starta måndag undersøkingar av Viking Sky.

Etter ein første inspeksjon slår Sjøfartsdirektoratet fast at det er for tidleg å konkludere med kva som var årsaka til at cruiseskipet fekk motorhavari på Hustadvika i Fræna kommune sørvest for Kristiansund laurdag.

- Det som er på det reine er at det har vore ein blackout, men at vi førebels ikkje kan seie noko om årsaka til denne. Det som mellombels er klart, er at når først hendinga oppstod så har kompetansen og innsatsen til mannskapet vore ein viktig faktor i at det gjekk bra, skriv direktoratet, som vil fortsetje med vidare undersøkingar tysdag.

Det har òg vorte gjennomført ei dykkarundersøking måndag, men det er ikkje funne skadar på skroget på skipet. Dykkarane har også kontrollert inntaka for kjølevatn for å sjå etter tett inntak.

- Desse er bekrefta frå dykkar å vere opne og tilsynelatande i orden, skriv direktoratet.

Avhøyr tidlegast tysdag

Politiet ønsker i tillegg til dei tekniske undersøkingane å avhøyre sentrale personar på skipet.

- Vi har ingen mistanke om at det har skjedd ei straffbar handling. Men straffeprosesslova heimlar ei etterforsking når det er snakk om ulykker. Her var det eit stort skadepotensial. Derfor har vi valt å sjå på dette, seier politiinspektør Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.

Avhøyra vil tidlegast byrje tysdag. Skovly ser for seg at det kan vere naturleg å ha med folk frå til dømes Sjøfartsdirektoratet som har ekspertise på området.

Går gjennom lydopptak

Sjøfartsavdelinga i Statens havarikommisjon sende tre personar til Molde måndag. Dei skulle samle saman alt som fanst av elektronisk informasjon frå skipet.

Mellom anna skulle dei finne ein voyage data recorder (VDR) som forhåpentlegvis vil gi innblikk i kva som skjedde på brua, og i tillegg vil kommisjonen gjennomgå lydinformasjon mellom anna frå motorrommet.

- Her er det til dømes ein heil del alarmar og loggar som skal gjennomgåast, seier avdelingsdirektør Dag Sverre Liseth i Havarikommisjonen til Bergens Tidende.

Amerikanske etterforskarar

Cruiseskipet hadde passasjerar frå mange land, og fleire statar kan komme til å melde interesse for å delta i arbeidet med å undersøke ulykkesårsaka.

Den amerikanske havarikommisjonen (NTSB) stadfestar overfor NTB at dei kjem til å delta i arbeidet.

- Vi kjem til å sende to etterforskarar for å assistere undersøkingane, antakeleg innan ein dag eller to, seier pressetalsmann for NTSB Keith Holloway.

I tillegg til dei eksterne undersøkingane har Viking Sky byrja ei intern undersøking av hendinga.

- Vi har sjølv ekspertise om bord som undersøker kva som har gått gale i motorrommet. Mannskapa vil hjelpe politiet og havarikommisjonen når dei kjem i gang, seier pressetalsmann Marius Steen i Wilhelmsen Ship Management til Bergens Tidende.

Dei fire dieselmotorane på skipet er leverte av tyske Man, som også har sendt folk til Molde. Laurdag stansa alle motorane samtidig.

- Vi er i tett kontakt med Viking og har sendt eit serviceteam som straks vil starte analysen av det som har skjedd, skriv kommunikasjonssjef Jan Hoppe i Man Energy Solutions i ein e-post til avisa.

(©NPK)

Cruiseskipet Viking Sky ved kai i Molde måndag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Redningsmannskap på kaia i Molde ved Viking Sky søndag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Mannskap og passasjerar forlèt Viking Sky. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Møblar ligg slengt rundt på balkongane akter på Viking Sky som søndag kom til Molde. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix