Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Oslo-politiet håpar å ta byggjeplasstjuvar ved å bruke såkalla mikromerkingsteknologi på utvalde byggjeplassar i hovudstaden.
npk@npk.no
Publisert: 27.05.2016 kl 16:37
Heile 90 prosent av dei store bedriftene i byggjenæringa har opplevd tjuveri frå byggjeplassar, viser ei tidlegare undersøking frå Byggenæringens Landsforening.
– Vinningskriminalitet påfører både samfunnet og dei som blir råka store kostnader. Kamp mot av vinningskriminalitet er difor svært god samfunnsøkonomi, seier næringslivskontakt Anne Catherine Gustafson i Kripos.
Mikromerkingsteknologien har ifølgje Kripos bidratt til å redusere vinningskriminaliteten i andre land. Teknologien inneber at verdifulle gjenstandar merkes med flytande mikropartiklar, og kor gjenstandar som er merka, er registrert i ein internasjonal eigedelsdatabase.
– Politipatruljar i Oslo er blitt utstyrt med UV-lykter og handhaldne mikroskop for å kunne lese av den unike nummermerkinga på aktuelle gjenstandar som vurderast som mogleg stole gods, seier Gustafson.
Tre byggjeplassar i Oslo er med på utprøvinga av metoden. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.