Annonse

Politiet vil lage russebussregister

(NPK-NTB): Politiet og Statens vegvesen vil lage eit register over russebussar i Hordaland for å sikre at dei er kontrollerte og godkjende for å ferdast på vegen.

– Vi vil at alle bussar skal inn på kontroll, og vi vil ha oversendt bilete av bussane når dei er godkjende, seier Morten Ørn, sjef ved Bergen Sør politistasjon til Bergens Tidende.

Ørn seier at politiet, fylkeskommunen, Trygg Trafikk og helseetaten vil evaluere russefeiringa i år der ein 19 år gammal russ vart kritisk skadd etter at han truleg stod på taket mens bussen køyrde gjennom ein tunnel aust for byen.

– I framtida skal alle bussar i Bergen framstillast for kontroll og godkjennast hos Statens vegvesen. Vi ønskjer å få oversendt bilete av bussane etter at dei er kontrollerte. Då vil vi vite korleis dei såg ut på kontrolltidspunkt. Dersom bussane blir stoppa av politiet i ettertid, vil vi sjå om det er gjort endringar på dei som er ulovlege, seier stasjonssjefen.

Dermed kan politiet vite om bussar har blitt godkjende med såkalla kroner på taket. Har dei bilete å samanlikne med, kan det bli enklare å avskilte bussane dersom det er gjort ulovlege endringar.

Ingeniør Knut Sylta ved Bergen trafikkstasjon opplyser at dei vil kontrollere alle russebussar før feiringa startar neste år. Han lovar også at politiet skal få dei bileta dei ber om. (©NPK)

Annonse