Politikarar reagerer på kyrkjeasyl-saka
Både SV og KrF reagerer sterkt på at ein afghansk familie er henta ut frå kyrkjeasyl i Hordaland.
Familien på to vaksne og tre små barn vart henta ut i ein større politiaksjon frå ein bygning som høyrer til den frikyrkjelege forsamlinga Nytt Liv på Fitjar tidleg fredag morgon.
- Det er ingenting i saka som kan rettferdiggjere ein slik brutal aksjon mot barn og å bryte kyrkjeasyl, seier Karin Andersen (SV), som leier Stortingets kommunal- og forvaltningskomité, til NTB.
Politiet skal ha knust ei rute for å bryte seg inn i bygningen på Fitjar då familien vart arrestert i morgontimane fredag.
- Regjeringa viser ingen hemningar når det gjeld å bruke unødvendig makt mot flyktningfamiliar. Ein slik aksjon vil skremme og skade barna, og det har vi ikkje lov til, påpeiker ho.
- No viser dei også manglande respekt for kyrkjelege rom, seier Andersen.
Politiets utlendingseining (PU) meiner på si side at bygningen til Nytt Liv ikkje kan kallast eit kyrkjerom.
Asyl- og innvandringspolitisk talsperson i KrF, Torhild Bransdal, seier at kyrkjeasyl er ei ordning med historiske røter.
- Kyrkjerommet er ein heilag stad der maktbruk ikkje skal finne stad. På generelt grunnlag meiner eg at politiet skal vere svært varsam med å gå inn i rom som kyrkjelyden sjølv definerer som kyrkjerom, seier ho.
Bransdal ber også justisminister Sylvi Listhaug (Frp) vere meir varsam når det gjeld tvangsutsendingar, særleg når barn er involvert.
- Tvangsutsending av barnefamiliar må gjerast på ein mykje meir skånsam måte. Barna sin sårbare stilling må takast mykje betre omsyn til enn det som det lèt til at har skjedd i denne saka, seier ho.
(©NPK)
Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) reagerer sterkt på at ein afghansk trebarnsfamilie fredag vart henta ut frå kyrkjeasyl. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix