Politikarar vil ha fleire tiltak mot trakassering mot folkevalde

MDG og SV meiner dei foreslåtte tiltaka som skal stoppe trakassering mot stortingsrepresentantane, ikkje er nok. Dei vil ha fleire tiltak.

– Vi krev meir enn gode intensjonar dersom vi skal klare å stanse hets, seier Josefine Gjerde, andrekandidat i MDG i Hordaland til NRK.

Partiet ønskjer mellom anna meir ressursar til politiet, og at internettplattformene skal stillast ansvarlege for det som blir publisert. I tillegg skal PST få mandat til å gi vern for spesielt utsette politikarar og profilerte debattantar.

Lars Haltbrekken (SV) seier dei òg vil foreslå fleire tiltak når debatten kjem på Stortinget.

Tidlegare i juli la stortingspresident Tone Trøen (H) fram forslag til ei rekkje tiltak. Det kom etter at éin av seks stortingsrepresentantar i ei undersøking i 2019 svarte at dei opplevde mobbing og trakassering. Ein ny rettleiar for representantane, ei undersøking kvart anna år og ein ekstern varslingskanal, er blant forslaga som er foreslått.

(©NPK)

Tidlegare i juli la stortingspresident Tone Trøen (H) fram forslag til ei rekkje tiltak etter at ein av seks stortingsrepresentantar i ei undersøking i 2019 svarte at dei opplevde mobbing og trakassering.
Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK