Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Politiet har formelt identifisert gjerningsmannen i Nice, opplyser politikjelder. Det er snakk om ein 31 år gammal fransk-tunisiar.
npk@npk.no
Publisert: 15.07.2016 kl 07:57
Sist oppdatert: 15.07.2016 kl 11:03
Politiet fann identitetspapira til mannen i lastebilen han brukte i angrepet.
Politiet har enno ikkje opplyst kva den 31 år gamle mannen heiter. Dei har ransaka bustaden hans i Abattoirs-strøket i Nice, skriv den franske avisa Nice-Matin.
Etter først å ha køyrt ein lastebil gjennom folkemengda på strandpromenaden i Nice, vart fransk-tunisiaren til slutt drepen av politiet. 84 menneske vart drepne, blant dei minst ti barn.
Trettiéinåringen var blant anna kjent for politiet i samband med ein del tjuveri- og valdssaker, opplyser ei politikjelde som står etterforskinga nær, til Reuters. Han skal ikkje ha vore i søkjelyset hos etterretningstenesta.
Inga gruppe eller organisasjon har hittil tatt på seg skulda for terrorangrepet. (©NPK)