Annonse

Politimann får sparken igjen

(NPK-NTB): Politimannen som kalla Jens Stoltenberg «krapyl», har no fått sparken for andre gong.

Stein-Robin Kleven Bergh blei sagt opp første gong etter at han blant anna kalla tidlegare statsminister Jens Stoltenberg (Ap) eit «krapyl» på Facebook. Denne avgjerda blei derimot oppheva av det sentrale tilsetjingsrådet til politiet, og Bergh fekk i staden ordensstraff og ei såkalla skriftleg tilrettevising.

I haust fekk han sparken på nytt, denne gongen for ytringar om flyktningpolitikk og ei krass Facebook-melding om Hadia Tajik (Ap). Han spurde blant anna om ho var tilhengar av terrordømte Anders Behring Breivik.

Politimannen klaga på oppseiinga, men det sentrale tilsetjingsrådet i politiet har no avvist klaga, fortel NRK.

Berghs forsvarer Jens-Ove Hagen seier at klienten hans er kjent med vedtaket.

– Han er skuffa. Vi har ikkje tatt stilling til om vi skal ta saka vidare, opplyser Hagen.

Bergh er også styremedlem i Eidskog Frp. (©NPK)