Politiorganisasjonar krev mekling

(NPK-NTB): Partane i politiet har ikkje vorte einige i forhandlingane om ein overordna organisasjonsmodell for dei nye politidistrikta. No ber tre av organisasjonane Justisdepartementet mekle i saka,

Det er Parat, Politijuristene og NTL som no ber Justisdepartementet gå inn i forhandlingane.

– Vi opplever at det har mangla både evne og vilje til å sluttføre desse forhandlingane, seier Sverre Bromander frå Politijuristene.

– Vi tar no ansvar for at etaten skal kunne komme vidare, og krev derfor mekling i saka, seier Unn-Kristin Olsen, som er hovudtillitsvalt for Parat i politiet.

Frå 1. januar vart dei nye politidistrikta etablerte. Med få unntak vart to eller fleire politidistrikt slått saman til eitt. Det har vore gjort fleire forsøk på å få etablert ein felles overordna organisasjonsmodell, utan at partane har klart å bli einige. (©NPK)

Annonse