Klargjør siden...
Annonse

Politisjefen i kongressen fekk ikkje vite om åtvaringar før etter storminga

Den avgåtte sjefen for politieininga i Kongressen seier at han først dagen etter opprøret i Washington fekk vite om åtvaringar frå FBI.

Den føderale politieininga åtvara i ein detaljert rapport om at ekstremistar kunne skape det som blir omtalt som ein krig i Washington.

Denne rapporten fekk ikkje politisjef Steven Sund i Kongressen, vite om før dagen etter angrepet, seier han i høyringa om kongresstorminga. Det er første gong Sund, som gjekk av etter opprøret, forklarer seg om det som skjedde 6. januar.

Han seier politistyrkane i Kongressen var budde på ein demonstrasjon, men ikkje at han skulle bli valdeleg og ende med storminga av nasjonalforsamlinga.

– Det var noko heilt anna enn det eg har sett i 30 års teneste, seier Sund.

(©NPK)

Politifolk i Kongressen prøver å halde oppe sperringane utanfor Kongressen under storminga 6. januar. Foto: John Minchillo / AP / NTB