Klargjør siden...

Politistudentar skal skrive ut nødpass på Gardermoen

(NPK-NTB): Studentar frå Politihøgskolen blir tilsett som sommarvikarar ved Oslo lufthamn i sommar. Årsaka er kritisk låg bemanningssituasjon.

Studentane skal blant anna skrive ut nødpass, ifølgje NRK.

– Å skrive ut nødpass er ein av serviceoppgåvene til politiet, men vart i første omgang nedprioritert på grunn av ressursunderskot. Vi har i ettertid prioritert å bruke ekstra ressursar og tilset no politistudentar som sommarvikarar for å vareta utskriving av nødpass i sommar, seier fungerande leiar for Aust politidistrikt Bjørn Vandvik, til Dagbladet.

Hovudverneombod for funksjonell eining for politiet på Romerike Audun Martinsen seier til avisa at det vil løyse nødpasskrisen og at politiposten på flyplassen kan opnast igjen.

– Tiltaket løyser derimot ikkje den dårlege bemanningssituasjonen i grense- og operativseksjonen, seier Martinsen.

Det er til saman 175 politistillingar ved flyplassen, men med stillingar som står ledige, vikariat som ikkje blir forlengde, sjukmeldingar, ferie og permisjonar er det no 150 personar i turnusen til flyplasspolitiet, ifølgje avisa.

Det er enno ikkje klart kor mange politistudentar som skal tilsetjast, eller frå kva dato dei blir tilsette. (©NPK)

Annonse