Klargjør siden...
Annonse

Populær kulturgåveordning snart utan pengar

(NPK-NTB): Kulturdepartementets gåveordning har snart brukt opp heile ramma for året på 45 millionar kroner.

Departementet har innvilga 52 søknadar til gåveforsterking i år og delt ut 36 millionar kroner, skriv Klassekampen.

Ordninga vart innført i 2014 for statlege museum. Frå og med i år er også galleri og andre delar av kulturlivet innlemma i ordninga. Ho vart oppretta av tidlegare kulturminister Thorhild Widvey (H) for å utløyse meir private pengar og bidra til auka sjølvstende i kulturlivet.

Ordninga går ut på at for kvar krone private aktørar gir i gåve til kulturlivet, kan mottakaren få 25 øre i statleg støtte. Ifølgje avisa er det likevel usikkert om ordninga har løyst ut meir private pengar.

Statssekretær Bård Folke Fredriksen (H) i Kulturdepartementet meiner den auka pågangen av søknadar viser at gåveforsterkinga er ein suksess. Ifølgje Fredriksen tar departementet sikte på å vidareføre ordninga neste år.

– Men om rammene blir auka er eit budsjettspørsmål som ikkje vil bli avgjort før seinare på året, seier han. (©NPK)