Populære feriemål på bakterietoppen

(NPK-NTB): Førekomsten av antibiotikaresistente bakteriar veks kraftig i typiske feriemål for nordmenn, som Italia, Kypros og Bulgaria.

Det skriv Nationen, som tysdag melde at kvar tiande friske nordmann er berar av potensielt dødelege, antibiotikaresistente bakteriar. Folkehelseinstituttet (FHI) trur nordmenn hovudsakleg får i seg desse bakteriane på utanlandsreiser.

Tal frå den europeiske smittevernmyndigheita ECDC viser at rundt 30 til 40 prosent av befolkninga i land som Italia, Kypros og Bulgaria er berarar av bakteriar som er resistente mot ESBL-bakterien – den vanlegaste typen resistens blant nordmenn.

I EU-/EØS-området døyr om lag 25.000 menneske årleg på grunn av antibiotikaresistens. Ekspertar peiker på utanlandske sjukehus og særleg mat som noko ferierande nordmenn må vere påpasselege med.

– Noko av sjarmen med utanlandsreiser er jo å ete lokal mat, men det er først og fremst i maten faren for resistens er stor, seier overlege Dag Berild ved Oslo universitetssjukehus.

Han får støtte frå forskar og veterinær Leon Cantas, som seier at norske turistar må forsikre seg om at maten er varmebehandla og unngå å drikke vatn frå springen. (©NPK)

Annonse