Klargjør siden...

Powell i lekka e-post: – Israel har 200 atomvåpen

(NPK-NTB-DPA): I ein lekka e-post skreiv tidlegare utanriksminister i USA Colin Powell at Israel har 200 kjernefysiske våpen.

«Iranarane kan ikkje bruke éin om dei endeleg lagar ein. Gutane i Teheran veit at Israel har 200, alle retta mot Teheran, og vi har tusenvis», står det i e-posten.

Powell nektar ikkje for innhaldet i epostane som nyleg blei lekka. E-posten om Israel blei sendt i samband med forhandlingane president Barack Obama hadde med Iran om atomvåpen i fjor. Israel er truleg det einaste landet med atomvåpen i Midtausten.

Dei ferske e-postlekkasjane blei først omtalt tysdag denne veka. Epostane blei lekka på nettstaden Dcleaks.com, ein nettstad som blir klagar for å vere eit utløp for hackarar med tilknyting til russiske etterretningsgrupper.

Sjølv oppgir nettstaden at dei har som misjon å avdekkje politisk maktmisbruk, og dei har tidlegare lekka fleire epostar frå Washington-toppar.

Den tidlegare generalen Colin Powell var utanriksminister i den første presidentperioden til George W. Bush, frå 2001 til 2005. (©NPK)

Annonse