Presseorganisasjonar reagerer på instruks til tilsette i Verdal kommune
Helsetilsette i Verdal kommune har fått beskjed om å ikkje svare på spørsmål frå journalistar om Helseplattformen. Presseorganisasjonar reagerer på instruksen.
I rettleiingsdokumentet til kommunen om Helseplattformen skriv dei at journalistar ikkje skal få sleppe inn i avdelingane. Kommunen skriv også at tilsette ikkje skal svare på spørsmål sjølv, men vise spørsmålet til ein leiar, ifølgje avisa Innherred.
Norsk Presseforbund, Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening er kritiske til instruksen.
– Vi reagerer på mangelen på respekt for både ytringsfridommen og høva pressa har til å gjere jobben sin som Verdal kommune her signaliserer. Verdal kommune kan ikkje nekte medarbeidarane sine å uttale seg til media, så lenge dei gjer det på vegner av seg sjølv, skriv dei i eit brev ifølgje Norsk Redaktørforening.
Ordførar Pål Sverre Fikse (Sp) i Verdal seier han har forståing for bekymringa til presseorganisasjonane.
– Slik skal vi ikkje ha det i Verdal kommune, og vi må sørgje for at heile organisasjonen følgjer verdiane våre, seier Fikse.
(©NPK)
Generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund er ein av dei som reagerer på instruksen frå Verdal kommune. Foto: Thomas Brun / NTB