Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Generalsekretæren i Norsk Presseforbund påpeikar at medietrykket i Moxnes-saka er veldig og maner til varsemd.
Publisert: 04.07.2023 kl 19:12
– Det samla trykket frå redaktørstyrte medium og sosiale medium er veldig. Eg meiner det bør vere med i vurderingane hos dei redaktørstyrte media, seier generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund til Medier24.
Floberghagen maner til varsemd rundt publiseringar i saka.
– Eg skal ikkje meine noko om kva det skal munne ut i, men at dette er veldig er det ingen tvil om.
Trykket rundt Raudt-leiar Bjørnar Moxnes har vore stort sidan tjuverisaka vart kjend fredag 30. juni. Moxnes er sjukmeld fram til 18. juli.
Fleire politikarar har gått ut i sosiale medium med ei påminning om at medietrykket er svært høgt. Ein av dei er Arbeidarpartiets Tuva Moflag.
– Eg synest mediedekninga og resten av køyret om solbrillegate er ubehageleg no. Klart den kritiske journalistikken skal dekkje dette, men det massive køyret i sosiale medium er søren meg tøft å stå i, skreiv ho på Twitter måndag.
Raudt-profil Mímir Kristjánsson meiner kritikken av Moxnes har gått for langt.
– No har vi komme dit at hundretusenvis av vaksne folk sit og nistirar på ein overvakingsvideo, for så å lansere hobbypsykologiske teoriar om kva som går gjennom hovudet på eit menneske dei ikkje kjenner, skreiv han.
I eit Facebook-innlegg minner MDGs Une Bastholm om at Moxnes er sjukmeld, og at det at kritiserte politikarar sjukmeldast ikkje er ein manøver eller eit «trekk».
– Sjukmelding er basert på ei helsevurdering legen gjer. For oss politikarar er mediefråsegner og overfylte e-postboksar døme på jobb som då må leggjast bort, skriv Bastholm.
– Kanskje er det framleis uavklarte spørsmål i brillesaka som er viktig for offentlegheita og treng svar frå Moxnes, men i så fall får dei vente, skriv ho vidare.
(©NPK)
Generalsekretær Elin Floberghagen i Noregs presseforbund meiner redaksjonane bør vere klar over det kraftige trykket i dekninga av Moxnes-saka. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Raudt-leiar Bjørnar Moxnes er sjukmeld fram til 18. juli. Foto: Astrid Pedersen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.