Klargjør siden...

Prest drepen i gisselaksjon i kyrkje i Normandie

(NPK-NTB-AFP): Ein 86 år gammal fransk prest er drepen i ein gisselaksjon i ei kyrkje nord i Frankrike. Dei to gisseltakarane er skotne og drepne av politiet.

Gisselaksjonen skjedde i ei kyrkje i Saint-Étienne-du-Rouvray, ein forstad av Rouen i Normandie, lengst nord i Frankrike.

Ifølgje franske media tok dei to gisseltakarane, som var væpna med kniv, seg inn i kyrkja via ei bakdør under morgonmessa. Ein av mennene skal ha hatt skjegg og bar eit typisk muslimsk hovudplagg.

I tillegg til presten var det to nonner og to kyrkjegjengarar til stades. Ei politikjelde seier at presten fekk skore halsen over. Eit anna gissel blei også stukken i halsen og er ifølgje innanriksdepartementet i Frankrike livstrugande såra.

Ifølgje nettavisa paris-normandie.fr blei det fyrt av fleire skot under politiaksjonen, og politiet stadfestar at begge gisseltakarane er drepne.

Politiet opplyser at aksjonen var over rundt 40 minutt etter at dei blei varsla.

Det er ikkje kjent kven gisseltakarane er, eller kva som var motivet bak aksjonen. Fleire media skriv at dei to av ukjende årsaker kom ut på trappa framfor kyrkja og at dei der blei skotne og drepne av politiet.

Statsminister Manuel Valls seier han er sjokkert over «det barbarisk angrepet på ei kyrkje». På Twitter seier han at heile Frankrike og alle katolikkar har blitt såra i dag.

«Vi står saman», skriv statsministeren.

Beredskapen er høg i Frankrike etter terroraksjonen i Nice for berre to veker sidan. Der blei 84 menneske drepne då ein lastebil pløgde seg veg inn i folkemengda som hadde samla seg på Promenade dess Anglais for å sjå på fyrverkeriet på nasjonaldagen. (©NPK)

Annonse