Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Tore Lærdal i kunnskapsselskapet Laerdal Medical får den prestisjefylte prisen Oslo Business for Peace Award i år.
npk@npk.no
Publisert: 08.03.2016 kl 19:36
Prisen går til næringslivsleiarar som tar sosialt ansvar og er opptatt av meir enn botnlinja.
Tore Lærdal er leiar i selskapet Laerdal Medical, som er ein internasjonal leverandør av opplærings- og behandlingsutstyr for livreddande førstehjelp. Særleg har selskapet arbeidd med å redusere dødsrisikoen blant barn og mødrer i samband med fødslar i u-land.
Med seg som partnarar har utdelaren Business for Peace Foundation FNs utviklingsprogram (UNDP), FN-organisasjonen Global Compact og International Chamber of Commerce (ICC), som er med på å peike ut prisvinnarane. I år blir prisen delt ut for sjuande gong.
Lærdal er peika ut som prisvinnar saman med moteskaparen Sarah Beydoun frå Libanon og Jennifer Nkuene Riria frå Kenya, som leiar eit selskap som tilbyr mikrofinansiering.
Det var UNDP-sjef Helen Clark som kunngjorde prisvinnarane tysdag. Lærdal og dei to andre prisvinnarane får prisen under ein seremoni i Oslo rådhus 3. mai. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.