Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Prinsesse Märtha Louise har offisielt opna Blindeforbundet sitt nye anlegg for førarhundar på Ås i Viken.
per.christensen@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 07.09.2022 kl 12:28
Sist oppdatert: 07.09.2022 kl 13:56
Anlegget har plass til rundt 50 hundar og er tilrettelagt for opplæring av førar- og servicehundar.
Det er også sett av plass til sju kvalpekull samtidig, skriv Statsforvaltaren i Oslo og Viken i ei pressemelding.
Anlegget vart opna med snorklipping utført av prinsessa, som også fekk helse på fleire servicehundar og prøvesett i ein rullestol.
Prinsessa ville gjerne snakke om hundane, og ikkje om trulova Durek Verrett, då ho fekk spørsmål av NRK om dialogen mellom foreldra hennar og han er i gang.
– Veit du, det er så fint å vere her på hundeskulen og det nye bygget her. Eg håpar at mange, mange hundar for lov til å hjelpe menneske til å bli meir sjølvstendige i kvardagen og få fridommen sin tilbake. Det er jo det desse hundane hjelper med, og det er eg veldig glad for, svarte ho på spørsmålet til kanalen.
(©NPK)
Prinsesse Märtha Louise stod for den offisielle opninga av Hundeskolen Veivisere i regi av Noregs Blindeforbunds førarhundanlegg på Ås. Foto: Lise Åserud / NTB
Prinsesse Märtha Louise stod for den offisielle opninga av Hundeskolen Veivisere i regi av Noregs Blindeforbunds førarhundanlegg på Ås. Her får ho prøve seg i rullestol med assistanse av hund. Foto: Lise Åserud / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.