Professor: – Raudt kjøt og mjølk er sunt

(NPK-NTB): Det er ingen grunn til å hoppe på trenden med å kutte ut raudt kjøt og mjølk, meiner ernæringsprofessor.

Blant unge menneske og spesielt unge jenter er det trendy å unngå visse typar mat, for eksempel fordi dei synest det er etisk uforsvarleg å ete kjøt. Men eit kosthald utan kjøt og mjølk kan vere meir skadeleg enn sunt og føre til mangel på viktige næringsstoff, skriv Forskning.no.

– Det kan skade helsa di, ifølgje professor i ernæringsfysiologi Anna Haug ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås.

– Mennesket er altetande. Vi er tilpassa og har behov for eit variert kosthald med kjøt, mjølk, fisk, grønsaker, frukt og bær. Kosthaldsråda til myndigheitene har alltid vore tufta på at maten vi et, skal dekke behovet for næringsstoff.

No har Nasjonalt råd for ernæring komme med ei fråsegn om at vi kan ha eit godt kosthald som vegetarianarar, under føresetnad av at vi tar tilskot fordi kosthaldet ikkje lenger dekkjer næringsbehovet vårt. Det er ikkje greitt, meiner Haug.

– Når vi berre et vegetabilsk kost er det nødvendig med dagleg tilskot av blant anna jod og B12-vitamin. Dei som ikkje et fisk, treng også tilskot av omega-3 og D-vitamin, seier ho.

Ho meiner det er for lite merksemd rundt konsekvensane av å ikkje drikke mjølk. Mjølk er vår viktigaste kjelde til jod og er viktig for utvikling av hjernen hos foster og barn. I område med jodmangel har barn lågare IQ enn der gravide får i seg nok jod gjennom kosthaldet. (©NPK)

Annonse