Annonse

Prognosesenteret: Koronaviruset bør vere ein vekkjar for hyttekommunane

Hyttegjester har vorte bede om reise heim fordi helsevesenet i kommunane ikkje kan takle virusutbrot. Ein vekkjar for hyttekommunane, meiner Prognosesenteret.

– Dei fleste som kjøper hytter er mellom 45 og 55 år, og det er dei som kjem til å utgjere den største eldrebølgja om få år. Dei ønsker å bruke hyttene sine 50 dagar i året. Dette bør vere ein vekkjar for alle hyttekommunar, seier analytikar Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret til NRK.

Hyttekommunane har peika på at helsetenestene ikkje er dimensjonerte for å ta vare på hyttegjester som blir smitta. Øye vise i tillegg til at kommunane ikkje har teke høgde for at hyttefolket blir eldre.

– Den situasjonen vi er i no, er ein unntakstilstand. Det forstår alle. Men eg trur òg det vil løfte ein debatt om at hyttekommunane takkar ja til alle inntekter, men nei til alle kostnader ved hytteutbygging, seier han.

Til NRK stadfestar fleire store hyttekommunar at dei ikkje har planlagt for ein eldrebølgje blant hyttegjestene.

(©NPK)

Hyttegjester i fleire delar av landet, som her i Hemsedal, er blitt bedne om å forlate hytta fordi kommunen ikkje har kapasitet til å takle eit smitteutbrot. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix