Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Biokjemikaren David Baker og Google Deepminds Demis Hassabis og John Jumper er tildelt nobelprisen i kjemi for 2024.
Publisert: 09.10.2024 kl 12:17
Dei har «knekt koden for dei merkelege strukturane til proteina», skriv Kungliga Vetenskapsakademien i grunngivinga si.
– David Baker har lykkast med det nesten umoglege kunststykket å byggje nye protein. Demis Hassabis og John Jumper har ved hjelp av ein KI-modell løyst eit 50 år gammal problem: Å føresjå komplekse strukturar i protein. Potensialet i desse oppdagingane er enormt, skriv akademiet.
Halvparten av premiepengane på 11 millionar svenske kroner, 11,4 norske kroner, går til Baker, medan Hassabis og Jumper deler på den andre halvparten.
Baker lykkast allereie i 2003 med å skape eit nytt protein som var ulikt alle kjende protein, og sidan den gongen har forskargruppa hans laga ei rekke protein som er brukte i mellom anna legemiddel og vaksinar.
Hassabis er leiar for DeepMind, medan Jumper jobbar som seniorforskar i KI-satsinga. Dei to presenterte i 2020 ein KI-modell med namnet AlphaFold2. Med den har dei kunna føresjå strukturen for i praksis alle dei 200 millionar protein som forskarar kjenner til, skriv vitskapsakademiet.
Dette hjelper mellom anna forskarar med å betre forståinga av antibiotikaresistens og enzym som kan bryte ned plast, heiter det i grunngivinga.
Det er den andre nobelprisen i år som blir tildelt arbeid knytt til kunstig intelligens (KI). Tysdag fekk Geoffrey Hinton og John Hopfield nobelpris i fysikk for arbeid med såkalla nevrale nettverk.
Nobelprisen i kjemi 2024 går både til den amerikanske forskaren David Baker og til Demis Hassabis og John M. Jumper frå Google DeepMind. Foto: Christine Olsson / TT / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.