Annonse
Annonse

Protestbanner hengt opp framfor RBKs klubbhus

Det blir murra i Rosenborgs supporterbase etter fleire svake kampar. Natt til fredag dukka det opp banner utanfor Brakka med klar beskjed til alle i klubben.

Annonse
Annonse

Bodskapen var ikkje til å misforstå. På bannera stod det «Obos?» (sponsor for 1. divisjon), «kor e verdian?» og «et styre utan handlekraft = et styre utan tillit», melder Adresseavisen.

Ifølgje NRK var det også hengt opp eit protestbanner på RBKs treningsanlegg. Der stod det «ta dåkker sammen».

Torsdag vart det halde eit evalueringsmøte i Rosenborg etter ein tøff start på sesongen. Der snakka spelarar og trenarar ut om situasjonen klubben er i.

– Det er alltid interessant å få ting på bordet. Kva som har komme fram, får bli internt, sa hovudtrenar Kjetil Rekdal etterpå.

Onsdag spelte RBK ein svak 1-0-kamp mot Trygg/Lade i cupen. Rekdal var skaka over det han såg i møtet med 4.-divisjonslaget.

– Eg har aldri opplevd noko liknande i den lange karrieren min, sa han og omtalte innsatsen som «ikkje haldbar».

(©NPK)

Kjetil Rekdal slit med å få sving på Rosenborg. Foto: Ole Martin Wold / NTB

Annonse