Klargjør siden...

Psykiatrar ser inga endring hos Breivik

(NPK-NTB-Johan Falnes): Terrordømte Anders Behring Breivik er den same. Han viser ikkje teikn på isolasjonsskadar, lyder vurderinga frå fleire psykiatrar.

Psykiatrispesialist Randi Rosenqvist, som har observert Anders Behring Breivik i fengsel over fleire år, vitna onsdag ettermiddag i Skien fengsel i samband med rettssaka om soningsforholda til Breivik.

Rosenqvist seier ho ikkje har vore bekymra for at Breivik har fått isolasjonsskadar.

– Nei, eg kan ikkje seie det. Eg har ikkje fanget opp noko slikt. Ein kan sjølvsagt bli deppa og i dårleg humør av å sitje i fengsel, men eg oppfatta ikkje noko som var relevant for isolasjonsskadar, som er ganske alvorleg, forklarte Rosenqvist i retten.

Da Rosenqvist uttalte dette, rista Breivik gjentekne gonger på hovudet.

Rosenqvist uttalte samtidig at ho var ueinig i avgjerda til fengselsleiinga om å ikkje gi Breivik ein skikkeleg PC.

– Eg synest han skulle fått det, det kunne hjelpe med å halde den mentale tilstanden hans oppe.

Etter å ha høyrt den terrordømte 37-åringen snakke nærast utan stans i tre timar onsdag, konkluderer også Grøndahl med at Breivik ikkje viser symptom på isolasjonsskadar – ut frå kva som er mogleg å sjå frå tilhøyrarbenken.

– Han høyrest nærast prikk lik ut som i førre rettsrunde. Han er like talorientert og pompøs, og like lite kjenslenær, seier Grøndahl.

Psykiatriprofessor Ulrik Malt er av same oppfatning.

– Det er inga endring. Det du ser, er den same mannen som er oppteken av den politiske bodskapen, og som monomant framfører dette, seier han.

Malt tolkar likevel ikkje dette som noko teikn på sjølvmordstankar hos Breivik.

– Eg ser ikkje ein suicidalitet i dette. Ikkje i det heile teke. Dette er meir uttrykk for ein kamp, seier Malt til NTB.

– Dersom han skulle ta sjølvmord, måtte han vere deprimert. No er han ikkje deprimert. Dette er mykje meir eit forsøk på å bruke sterke ord for å få folk til å forstå, seier han.

– Vi må halde ope kva han har lese om og berre gir att, og kva han eigentleg har opplevd sjølv. Det veit vi ikkje, seier Værøy.

Også han meiner Breivik står fram ein mann som framleis er «i kamp».

Sjølv fortalde Breivik i retten at han er blitt meir apatisk enn før, ifølgje han ein konsekvens av isolasjonen.

– Kva tenkjer du om det? spurde statens advokat Marius Emberland då Rosenqvist sat i vitneboksen.

– Vel, han er jo her, i alle fall, svarte ho. (©NPK)

Annonse