Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Psykologforeningen er skeptisk til at stadig fleire nordmenn studerer psykologi i utlandet.
npk@npk.no
Publisert: 29.02.2016 kl 07:51
– Ingen studium vi har sett, er i nærleiken av å tilby ei utdanning som er jamngod med den norske utdanninga, seier forhandlingssjef Christian Zimmermann i Norsk psykologforeining til Dagens Næringsliv.
Ifølge avisa har talet på norske psykologistudentar i utlandet auka med 70 prosent dei siste fem åra. Nesten tusen nordmenn studerer no psykologi i utlandet, ifølge tal frå Lånekassen for førre studieår. Rundt 450 av studentane er i Storbritannia, følgt av Danmark (205) og Ungarn (126).
– Vi er glade for alle som blir kvalifiserte for å vere psykologar i Noreg, men vi er urolege for dei som trur dei er kvalifiserte etter å ha tatt ei teoretisk utdanning i utlandet. Studiane i utlandet er grunnleggjande forskjellige frå det norske profesjonsstudiet, seier Zimmermann.
Den viktigaste forskjellen er ifølge Zimmermann at det norske seksårige profesjonsstudiet har praksis integrert i utdanninga.
Utanlandsstudentane må søke individuelt om å få jobbe på lisens, som er ei godkjenning til å praktisere som psykolog under rettleiing. Det er Helsedirektoratet som vurderer om kvar enkelt søkjer har ei utdanning som gjer ein skikka til å ha praksis i Noreg.
– Vårt ansvar er at alle skal ha god nok utdanning til å ta pasientansvaret sitt. Pasienten skal aldri vere i tvil om at psykologen kan jobben sin, seier Zimmermann. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.