Pulver i pakke var mjølprodukt

(NPK-NTB): Pulveret i pakken som førte til evakuering av postterminalen i Stokke, var eit ufarleg mjølprodukt, opplyser politiet.

44 tilsette ved postterminalen blei sende til sjukehus etter pulverfunnet torsdag kveld, og politiet sperra av området. Alle dei tilsette er no skrivne ut eller på veg til å bli det, opplyste leiar av kriminalseksjonen i Sør-Øst politidistrikt, Knut Erik Ågrav, på ei presseorientering fredag ettermiddag.

– Det var eit kveitemjøl-liknande innhald i brevet, seier Ågrav til NTB.

Politiet ønskjer førebels ikkje å seie noko meir om avsendaren av brevet.

– Vi veit kven det var adressert til, og vi jobbar for å sjå om vi får noko meir ut av det, seier Ågrav.

Terminalbygningen er framleis stengd, og vil vere det inntil vidare. Teknikarar frå politiet skal gjere nødvendige analysar, men dei reknar med at terminalen vil bli opna igjen fredag. (©NPK)

Annonse