Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Russlands president Vladimir Putin gratulerer arbeidarpartimannen Luiz Inacio Lula da Silva med sigeren i presidentvalet i Brasil.
Publisert: 31.10.2022 kl 07:31
– Valresultatet har stadfesta den imponerande politiske autoriteten din, seier Putin i ei fråsegn frå Kreml måndag.
– Eg håpar at vi gjennom felles innsats kan utvikle konstruktivt russisk-brasiliansk samarbeid på alle område, heldt den russiske presidenten fram.
20 år etter at Lula vart vald til president i Brasil for første gong, vann han søndag ein hårfin siger over høgreradikale Jair Bolsonaro.
I mai vekte Lula reaksjonar då han uttalte at Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj er like mykje ansvarleg som Putin for krigen.
Bolsonaro besøkte Putin i Moskva 16. februar, få dagar før Russland invaderte nabolandet Ukraina. Etter krigsutbrotet nekta Bolsonaro å fordømme krigen og sa at Latin-Amerikas største land ville vere nøytralt.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.