Putin krev svar om våpenavtale

Russland ber USA om ei forklaring etter at president Donald Trump varsla at USA vil trekke seg frå INF-avtalen. Vanskelege samtalar er i vente.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov åtvara måndag mot å «spå i kaffigruten» etter utspelet frå Trump i helga.

Inga formell avgjerd er teken, understreka han.

- Vi vil no vente på ei offisiell forklaring frå dei amerikanske kollegaene våre, sa Lavrov på ein pressekonferanse i Moskva.

John Bolton, som er tryggingspolitisk rådgivar for Trump, var same dag i den russiske hovudstaden for å møte Lavrov.

Skal møte Putin

Tysdag skal Bolton dessutan møte Russlands president Vladimir Putin - som om få veker òg skal i direkte samtalar med Trump.

Kremls talsperson Dmitrij Peskov har i forkant av besøket bedt amerikanarane om å forklare seg om utsegnene til Trump i helga. Ifølgje han vil det gjere verda til ein farlegare stad viss USA gjer alvor av truslane om å trekke seg frå INF.

Trump sa laurdag at USA vil trekke seg frå INF-avtalen frå 1987 fordi han meiner Russland ikkje overheld han.

INF-avtalen forbyr alle landbaserte atomrakettar med mellomlang rekkevidde. USA hevdar at rakettsystemet 9M729, som russarane no er i ferd med å utvikle, er eit brot på avtalen.

Russland nektar for brot

Russland har på si side nekta for at det bryt avtalen.

- Russland står framleis ved avtalen, seier Peskov ifølgje internasjonale nyhendebyrå.

Putin har alltid meint at brot på avtalen vil forverre tryggingssituasjonen, understreka han.

Men viss USA trekker seg og byrjar å utvikle mellomdistanserakettar som kan bere atomstridshovud, vil Russland måtte ta grep for å rette opp igjen balansen, åtvarar Peskov.

«Beklageleg»

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide seier i ei fråsegn at det vil vere «beklageleg» viss INF-avtalen ryk.

- Han har hatt ein viktig funksjon ved at han har forbode landbaserte mellomdistanserakettar. Det er den einaste avtalen som forbyr ein klasse med leveringsmiddel for atomvåpen, seier ho.

Søreide understrekar likevel Russlands ansvar i saka.

- Det er ikkje mogleg over tid å halde oppe internasjonale avtalar som berre den eine av to partar overheld. Fleire oppfordringar til Russland om å overhalde avtalen har dessverre ikkje ført fram, seier Søreide.

Saknar truverdige svar

NATOs pressetalskvinne Oana Lungescu påpeikar at dei allierte fleire gonger har bedt Russland om å komme med truverdige svar om rakettsystemet 9M729.

- Etter å ha nekta og tåkelagt i årevis innrømde Russland nyleg at rakettsystemet eksisterer, påpeikar Lungescu og legg til at det russiske rakettprogrammet gir grunn til alvorleg bekymring.

- I mangel på truverdige svar frå Russland om denne nye typen rakettar vurderer dei allierte det slik at Russland mest sannsynleg handlar i strid med INF-avtala, seier ho.

EU ber begge ta ansvar

EU ber på si side USA og Russland ta felles ansvar for å sikre at INF-avtala overlever.

Det betyr at Russland må komme med skikkelege svar på spørsmåla om brot på avtalen, men òg at USA nøye må vurdere konsekvensane av å trekke seg, seier Maja Kocijancic, talsperson for EUs utanrikssjef Federica Mogherini.

- Verda treng ikkje eit nytt våpenkappløp som ingen vil tene på, seier Kocijancic.

(©NPK)

Russlands president Vladimir Putin får tysdag besøk av John Bolton, som er tryggingspolitisk rådgivar for USAs president Donald Trump. Foto: AP / NTB scanpix

John Bolton, tryggingspolitisk rådgivar i Det kvite hus, er måndag og tysdag i Moskva. Foto: AP / NTB scanpix