Klargjør siden...
Annonse

Putin: Nobels fredspris vil ikkje skjerme Muratov

Russlands president Vladimir Putin åtvarar om at fredsprisvinnaren Dmitrij Muratov ikkje vil bli skjerma dersom han blir stempla som utanlandsk agent.

– Viss han ikkje bryt russisk lov, og viss han ikkje gir ein grunn til å bli erklært som utanlandsk agent, så vil han ikkje bli det heller, seier Putin onsdag.

Samtidig åtvarar han journalistar som «prøver å gøyme seg bak Nobels fredspris, og «brukar det som skjold» for å bryte russisk lov.

Muratov, som er redaktør for den uavhengige avisa Novaja Gazeta, blir tildelt prisen for mellom anna innsatsen sin for ytringsfridom i Russland.

Avisa hans er ein av dei få attverande uavhengige medieorganisasjonane som ikkje blir kontrollerte av staten eller stempla som utanlandske agentar og tvinga til å leggje ned.

(©NPK)

Russlands president Vladimir Putin deltok på eit plenumsmøte onsdag denne russiske energiveka i Moskva. Foto: Sergei Ilnitsky / AP / NTB