Annonse

Putin og Erdogan feira gassrøyrleidning

Russlands president Vladimir Putin og den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan har markert fullføringa av ein gassrøyrleidning under Svartehavet.

- Gjennomføringa av prosjekt som dette illustrerer evna til å forsvare dei nasjonale interessene, sa Putin under seremonien i Istanbul måndag.

Gassrøyrleidningen, som består av to parallelle røyr, er ein viktig del av det såkalla Turk-Stream-prosjektet. Når heile røyrleidningen er ferdig, skal han frakte naturgass frå Russland til Tyrkia og andre europeiske land.

(©NPK)

Presidentane Vladimir Putin (t.v.) og Recep Tayyip Erdogan under seremonien i Istanbul måndag. Foto: Lefteris Pitarakis / AP / NTB scanpix