Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Russlands president Vladimir Putin har underteikna eit dekret som har til hensikt å auke talet på soldatar med 15 prosent.
Publisert: 01.12.2023 kl 19:53
Sist oppdatert: 01.12.2023 kl 20:09
Det skjer ifølgje det russiske militæret for å møte truslar knytt til den ukrainske offensiven.
– Auken i den militære styrken kjem av aukande truslar mot landet vårt i samband med den militære spesialoperasjonen og den vedvarande utvidinga av Nato, heiter det i ei fråsegn frå militæret fredag.
Russland kallar konsekvent krigføringa i Ukraina for ein militær spesialoperasjon.
Ifølgje uttalen skal talet på soldatar auke med 170.000. Men det ligg ikkje føre nokon planar om å endre verneplikta eller innføre andre mobiliseringstiltak.
I fjor innførte styresmaktene ei mellombels mobilisering av 300.000 reservistar. Det var eit svært upopulært tiltak og førte til at titusenvis av russarar flykta frå heimlandet.
(©NPK)
Russlands president Vladimir Putin. Foto: Mikhail Klimentiev / Sputnik / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.