Klargjør siden...

Qatar vil ha OL

(NPK-NTB-AFP): Qatar er i full gang med å byggje arenaene til fotball-VM i 2022, men det er berre eit delmål i planane om å bli tildelt eit framtidig sommer-OL.

– Visjonen og målet er å få arrangere eit OL, sa Thani al-Kuwari, medlem i Qatar olympiske komité då han snakka med pressa i forkant av den intensjonane sportsjournaliststkonferansen (AIPS) i Doha.

Han opplyste at ein kanskje vil søkje om eit OL så tidleg som i 2028.

Fleire store meisterskap er blitt avgjort og skal avgjerast i Qatar. Allereie har ein unnagjort handball-VM for menn og friidretts-VM for handikappa.

I 2019 er det friidretts-VM og i 2023 står svømme-VM på kalenderen i ørkenstaten. (©NPK)

Annonse