Rådhuset i Bergen blir nesten 200 millionar kroner dyrare enn anteke

Den innvendige rehabiliteringa av rådhuset i Bergen sprekk med 180 millionar kroner. No er summen anslått til 530 millionar kroner.

Det går fram av eit fagnotat frå Etat for utbygging, skriv Bergens Tidende.

Høgre, som ønskte å rive og byggje nytt, fryktar at også kostnadene utandørs er ute av kontroll.

– Det tragiske er at det blir mindre til barnehage og skule, seier gruppeleiar Harald Victor Hove.

Thor Haakon Bakke, setjebyråd for byråd for finans, næring og eigedom, seier han meiner at det var riktig å behalde og oppgradere rådhuset.

– Dersom vi hadde rive og bygd nytt, ville det hatt ein klima- og miljøkostnad, i tillegg til at vi hadde mista dagens rådhus og verdien det representerer økonomisk og som kulturminne, seier Bakke til avisa.

(©NPK)

Oppussinga av rådhuset i Bergen (til høgre) sprekk med 180 millionar kroner. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK