Klargjør siden...

Ragne Wiklund vart verdsmeister på 3000 meter i Heerenveen

Ragne Wiklund leverte eit kjempeløp og vart verdsmeister på 3000 meter i skøyte-VM enkeltdistansar i Heerenveen med 3.56,86.

I tredje siste par gjekk ho til angrep på tida den nederlandske heimefavoritten Irene Schouten hadde sett litt tidlegare. Ho låg bak henne ved dei tre første passeringane, men var sidan føre og greidde å stå imot Schoutens sterke avslutning.

I mål var Wiklund 54 hundredelar framfor leiartida til Schouten.

Så måtte ho vente på dei to siste para. Verken Martina Sablikova eller Joy Beune greidde å matche farten hennar i nest siste par. Sablikova vann paret og gjekk inn til tredjeplass 1,49 sekund bak Wiklund.

I siste par prøvde canadiarane Isabelle Weidemann og Ivanie Blondin å hjelpe kvarandre i kampen mot Wiklund, men ingen av dei vart nokon trussel, og dermed kunne Wiklund juble.

Sofie Karoline Haugen fekk 13.-plass med 4.09,61.

(©NPK)

Ragne Wiklund leverte eit kjempeløp på 3000 meter i Heerenveen og vann VM-gull. Foto: Piotr Hawalej, AP / NTB

Ragne Wiklund blei verdsmeister på 3000 meter i Heerenveen. Foto: Piotr Hawalej, AP / NTB

Annonse