Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Kulturminister Abid Raja (V) seier at ei omgrepsendring i kompensasjonsordninga som kunne gått utover underleverandørar i kultursektoren, var ei misforståing.
vaktsjef@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 23.02.2021 kl 20:01
– Eg er glad for at vi har retta opp misforståinga, slik at underleverandørane ikkje kjem dårlegare ut av ordninga enn det som var intensjonen, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i ei pressemelding.
Underleverandørar er til dømes sceneteknikarar, lyd- og lysarbeidarar og vakter.
Det gjeld kompensasjon i perioden oktober til desember. I forskrifta vart omgrepet «netto tapte inntekter» brukt, i motsetning til tidlegare periodar då omgrepet berre var «tapte inntekter». Endringane i kriteria ville i realiteten gjort at det vart svært lite igjen til underleverandørane, sa dagleg leiar Marius Widerøe i leverandørfirmaet Konsertsystemer til Klassekampen førre veke.
Omgrepsendringa var likevel ikkje meint som ei realitetsendring, ifølgje Raja, og departementet har orientert Kulturrådet om dette. Kulturrådet vil leggje dette til grunn i saksbehandlinga.
Netto tapte inntekter skal i samsvar med forskrifta bereknast slik, opplyser departementet: «Differansen mellom underleverandørens faktiske inntekter fra kulturarrangementet det søkes kompensasjon for, og gjennomsnittet av underleverandørens faktiske inntekter for tilsvarende eller sammenlignbare kulturarrangement avholdt i 2017–2019».
(©NPK)
Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V) seier det ikkje var intensjonen at underleverandørar i kulturbransjen skulle komme dårlegare ut av kompensasjonsordninga i perioden oktober til desember. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB