Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP-Reuters): Den spanske statsministeren Mariano Rajoy seier han vil prøve å danne ei koalisjonsregjering, sjølv om partiet hans gjekk kraftig tilbake i valet søndag.
npk@npk.no
Publisert: 21.12.2015 kl 08:14
Det konservative Partido Popular er framleis det største partiet i Spania, men får berre 123 seter i nasjonalforsamlinga, langt unna dei 176 seta som er nødvendig for reint fleirtal. Dermed er PP avhengig av andre parti for å bli sitjande med makta.
– Eg vil prøve å forme ei regjering, ei stabil regjering, sa Rajoy til støttespelarane som hadde samla seg utanfor partihovudkvarteret i Madrid natt til måndag.
– Vi må ha mange samtalar, forhandle og komme til semje, la han til mens folkemassane ropte «Spania! Spania!».
Samtidig understreka han at det er viktig å halde oppe reformene som har sendt økonomien i landet på rett kurs.
– Vi vil bli avgjerande i utforminga av ein administrasjon som kan endre dette landet, sa Ciudadanos-leiar Albert Rivera etter at det vart klart at partiet har sikra seg 13,9 prosent av stemmene og 40 sete i nasjonalforsamlinga.
Podemos får 69 seter i nasjonalforsamlinga, mens det nest største partiet, sosialistiske PSOE, får 90 seter. (©NPK)