Klargjør siden...

Rallyførar Oliver Solberg blir vraka av Hyundai-laget

Oliver Solberg (21) får ikkje ny kontrakt med Hyundai-laget i rally etter inneverande sesong.

Det opplyser Solbergs team i ei pressemelding. Den toårige kontrakten hans med Hyundai går ut ved årsslutt.

– Sjølvsagt er eg skuffa over situasjonen, men eg må respektere avgjerda til laget og deira nye plan om å gå vidare med tre bilar og berre erfarne sjåførar, seier rallytalentet.

Solberg har starta åtte løp i WRC-klassen i 2022-sesongen. Hans beste plassering vart 4.-plassen i asfaltløpet Rally Belgia i august.

(©NPK)

Oliver Solberg må finne seg nytt lag for å kunne fortsetje i rally-VM.
Foto: Micke Fransson / TT / NTB

Annonse