Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Den amerikanske rallykøyraren Ken Block er død. Han mista livet i ei snøskuterulykke.
Publisert: 03.01.2023 kl 08:05
– Det er med stor sorg vi stadfestar at Ken Block døydde i ei snøskuterulykke i dag, skriv firmaet hans Hoonigan Industries på Instagram.
Ulykka skal ha skjedd i delstaten Utah i USA.
– Ken var ein visjonær, ein pioner og eit ikon. Og viktigast av alt var han ein far og ein ektemann. Han vil bli djupt sakna, skriv firmaet vidare.
Block, som vart 55 år gammal, er tidlegare lagkamerat med Andreas Bakkerud. I eit innlegg på Facebook skriv bergensaren at dei sende meldingar til kvarandre berre timar før ulykka skjedde.
– Vi teksta for nokre timar sidan. Eg kan ikkje tru at du er teken frå oss. Det er ikkje til å tru. Mitt hjarte er knust, skriv Bakkerud.
Dei to rallykøyrarane vart lagkameratar i 2016 i Hoonigan Racing Division. Dei køyrde berre for same lag i ein kort periode, men har sidan halde kontakten, skriv Bergensavisen.
(©NPK)
Den amerikanske rallykøyraren Ken Block er død. Arkivfoto: Ned Alley / NTB