Rapport: 754 utanomrettslege avrettingar i Egypt i år

(NPK-NTB-AP): Egyptiske tryggingsstyrkar har gjennomført 754 utanomrettslege avrettingar hittil i år, hevdar ei egyptisk menneskerettsgruppe.

The Nadeem Centre, som driv rehabilitering av torturoffer, skildrar utviklinga som dramatisk og viser til at det i heile fjor blei dokumentert 326 slike utanomrettslege avrettingar i Egypt.

Ifølgje ein av grunnleggjarane av senteret, psykiateren Aida Seif el-Dawla, har dei fleste drapa skjedd på Sinai-halvøya der egyptiske tryggingsstyrkar jaktar på militante islamistar med band til IS.

Egyptiske styresmakter har gong på gong prøvd å stengja The Nadeem Center og nektar både for å torturera fangar og for å stå bak utanomrettslege avrettingar. (©NPK)