Annonse
Annonse

Rapport konkluderer med at Vestre-forslag vil gi høgare matprisar

Ein rapport betalt av Norgesgruppen konkluderer med auka matprisar og dårlegare utval dersom prisdiskrimineringsforslaget frå regjeringa går gjennom.

Annonse
Annonse

– Vi ser at det er behov for å få på plass eit nytt regelverk som gir Konkurransetilsynet høve til å handheve konkurranseskadeleg prisdiskriminering meir effektivt, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til E24 i fjor.

No har Norgesgruppen fått Agri Analyse til å undersøkje konsekvensane av reguleringa, skriv næringslivsavisa. Dei er imot ho og argumenterer for at butikkprisane kjem til auke som følgje av redusert forhandlingsrom med leverandørane.

– Formålet er jo å auke konkurransen, men forslaget ser ut til å kunne få motsett effekt, seier Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i Agri Analyse.

På kort sikt meiner Agri Analyse at matprisane vil auke medan utvalet blir dårlegare. Dei trur også etableringshindringane, som Vestre vil ha ned, kjem til å auke.

Forslaget frå vestre går mellom anna også ut på at leverandørar ikkje skal kunne gi ulike prisar til ulike kjeder.

(©NPK)

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har lagt fram eit forslag som forbyr prisdiskriminering. Dette er Norgesgruppen imot, og dei har fått Agri Analyse til å gjere ein analyse. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

Annonse