Klargjør siden...

Ras over fylkesveg på Sunnmøre

(NPK-NTB): Eit snøras gjekk over fylkesveg 41 i Skjåstaddalen i Ørsta kommune på Sunnmøre torsdag. Ein bil vart sitjande fast, men ingen personar vart tatt.

Nødetatar og lavinehundar rykte ut då meldinga om raset kom torsdag morgon, melder politiet.

Ein bil vart sitjande fast i snømassane, men kom seg laus. Vegen vart brøytt, og politiet på Sunnmøre bekreftar at ingen personar er tatt av raset. (©NPK)

Annonse