Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Under prosedyrane i hijabnekt-saka vart det vanskeleg å høyre kva som vart sagt i rettssalen. Hissige skuldingar mot islam, Koranen og muslimar eskalerte til eit høgt nivå på gangen utanfor.
npk@npk.no
Publisert: 08.09.2016 kl 13:50
Det var sett av tre timar torsdag morgon til saka mot frisør Merete Hodne. Ho er tiltalt for å ha nekta muslimen Malika Bayan tilgang til salongen sin fordi Bayan hadde på seg hijab. Rettssal 1 i Jæren tinghus var fylt med støttespelarar, og partane i saka stod tydeleg steilt mot kvarandre.
I ein pause i rettssaka konfronterte Jan Skoland frå Lyngdal Bayan og vennene hennar med sitt syn på islam og Koranen. Han vart etter kvart så høgrøysta at retten, som var i gang igjen bak døra, måtte gi beskjed om at han måtte roe seg. Det vart vanskeleg å høyre kva som vart sagt i rettssalen.
Bayan og vennene hennar parerte skuldingar og utsegner og fekk applaus frå fleire tilhøyrarar rundt, noko som syntest å provosere Skoland enda meir.
– Eg veit veldig mykje om dette og har skrive mykje om islamisering på nettet. Eg reagerer sterkt på naiviteten det norske samfunnet har overfor islam, seier han til NTB.
– Muslimane kjem til demokratia, bruker stemmeretten og tar over og forbyr demokratiet. Det har eg mange eksempel på. (©NPK)