Annonse

Raskast aukande arbeidsløyse over 60

(NPK-NTB): Arbeidsløysa veks raskast blant dei over 60. I april var 5.565 personar over 60 år registrerte som heilt arbeidsledige hos Nav.

Det er ein auke på 20 prosent samanlikna med same periode i fjor. Auken er den høgste blant alle aldersgruppene, skriv Klassekampen.

Pensjonsreforma gjer det mogleg for mange å ta ut alderspensjon frå 62 år, uavhengig av kor mykje ein samtidig arbeider. Reforma får også ein annan konsekvens for unge eldre. Det er mogleg å ta imot både dagpengar som arbeidsledig og alderspensjon samtidig.

I takt med den aukande arbeidsløysa blant eldre blir det fleire som både er arbeidsledige og får pensjon frå staten. Mens det i januar 2015 var 1.654 personar i ein slik situasjon, har talet auka med over 50 prosent til 2.410 i april i år, viser tal frå Nav.

Tidlegare var arbeidsledige over 64 år sikra dagpengar fram til pensjonsalder. I 2011 vart regelen endra slik at eldre no har den same maksimaltida som andre på to år for å skaffe seg ein ny jobb før dagpengane forsvinn.

Mens 54 prosent av arbeidsledige er i nytt arbeid innan seks månader, klarer berre 29 prosent av dei ledige over 60 det same. (©NPK)

Annonse