Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Rosenborg avslo nyleg eit bod på Jonas Svensson frå Trabzonspor. Tyrkarane tilbaud rundt 15 millionar kroner for høgrebacken, melder TV 2.
npk@npk.no
Publisert: 02.09.2016 kl 11:35
Svensson har vore blant dei beste spelarane til RBK denne sesongen. Storspelet har gjort trønderen attraktiv.
– Vi har hatt moglegheit til å selje Jonas, men vi meiner at det ikkje har vore rett. Ikkje minst fordi vi ikkje har nokon backup. Men om det hadde vore riktig for Rosenborg og for Jonas, hadde han fått gå no. Men så langt har det ikkje vore nokon match, seier RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen til TV 2.
Ifølgje kanalen skal bodet frå Trabzonspor ha vore på mellom 14 og 15 millionar kroner.
– Viss det kjem ein klubb og byr det vi forlanger for han, og det er ein bra klubb for Jonas, vil vi selje. Vi vil ikkje vere vanskelege, seier Ingebrigtsen.
Svensson er for tida oppteken med landslaget. Han spelte frå start då Noreg tapte 0– 1 heime mot Kviterussland onsdag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.