Redd Barna: Kritisk for barn i Juba trass våpenkvile

(NPK-NTB): I Sør-Sudans hovudstad Juba er det mangel på mat og vatn, butikkar blir plyndra, og i gatene ligg det framleis lik. Redd Barna er svært uroleg for barna i byen, sjølv om våpena har stilna.

Eit augnevitne fortel om eit spedbarn som døydde på ein marknad i Juba onsdag mens foreldra var på desperat jakt etter mat og medisinar.

– Den nøyaktige grunnen til at barnet døydde er uviss, men mangelen på mat, vatn og eit elementært helsetilbod forsterkar dei allereie kroniske behova, seier Peter Walsh, Redd Barna-sjef i Sør-Sudan.

Historia om spedbarnet kjem frå ein lokal Redd Barna-medarbeidar, som sjølv berre har mat nok til tre dagar.

– Og slik er det for mange, mange familiar, seier Walsh, som opplyser at folk prøver desperat å komme seg vekk frå byen. Mange har likevel ikkje nok pengar til bussbillettar.

Oppblussinga av borgarkrigen kosta 300 menneske livet frå fredag til måndag. Samtidig har 42.000 menneske måtta flykte frå heimane sine.

Redd Barna ber verdssamfunnet reagere raskt for å hindre all ny opptrapping og for å finne ei langsiktig løysing på konflikten. (©NPK)

Annonse